Lindås, Askøy, Fjell og Øygarden bestiller velferdsteknologi

Onsdag 15. februar signerte Lindås, Askøy, Fjell og Øygarden ein avtale med Atea og Sensio / Safemate om heilt ny velferdsteknologi.  

 

Dei har valgt å gå vidare frå prosjekt til ordinær drift og gjere omsorgsteknologi til ein ordinær del av tilbodet til innbyggarane i kommunen. Les meir om forskningsprosjektet kalla «Lindåsprosjektet» på Lindås kommune sine heimesider.  

 

Lindas-atea-sensio

Lindås, Askøy, Fjell og Øygarden bestiller velferdsteknologi frå Atea og Sensio / Safemate

 

Artikkelen «Nybrottsarbeid for innbyggjarane» er publisert på Lindås kommune 15.februar 2017. Les den her: 

 

 

Målet med teknologien er å gi eldre og andre som treng hjelp moglegheita til å bu heime lengst mogleg. 

 

Lindås kommune har jobba med omsorgsteknologi i ei årrekkje, og er mellom dei fremste i landet på utprøving. Tilbakemelding frå brukarar og pårørande er at dei ulike sensorane gjer at dei kjenner seg tryggare heime – og gir auka livskvalitet. 

 

November 2015 inviterte Lindås andre kommunar og leverandørar til ein dialogkonferanse. Meir enn 100 representantar frå 16 kommunar og 25 leverandørar stilte på møtet. 

 

Etter konferansen knytte Lindås kommune ekstra tette band med kommunane Askøy, Fjell og Øygarden. Kommunane ønskte å samarbeid om kjøp av den rette teknologien, og bestemte seg for å starte prosessen med ei såkalla innovativ anskaffing. 

 

– Dette var starten på løpet vi kryssar målstreken med i dag, seier prosjektleiar i Lindås kommune, Kari Bjørkheim. Ho vedgår at det har vore krevjande å samarbeide, men seier samstundes at samarbeidet er ein av suksessfaktorane. 

 

– Det har vore eit tverrfagleg samarbeid, der kommunane har deltatt med ulik kompetanse, seier Bjørkheim. 

 

Fleire ting er nytt og unikt med det Lindås og dei andre kommunane har gjort: 

 

  • Samarbeidet mellom dei fire kommunane er nytt.
  • Måten å invitere leverandørane til ei konkurranse på er ny. Kommunane har gjennomført ei innovativ anskaffing, som kort fortalt betyr at dei skildrar behovet sitt, ikkje produktet eller tenesta dei ønskjer.
  • Teknologien som Atea skal levere er heilt ny.
  • Tenestene til innbyggjarane i dei fire kommunane blir fornya og forbetra.

 

Kommunane og vinnaren av anbodskonkurransen, Atea, markerte milepælen på rådhuset i Lindås kommune onsdag 15. februar. På markeringa var ordførar i Lindås kommune, Astrid Aarhus Byrknes, tydeleg på at dette er ei ønska utvikling. 

 

– Dette er nybrottsarbeid. Det vi har gjort ilag er heilt unikt, seier ordføraren og legg til at ho ser fram til å følgje den vidare utviklinga.

 

– Velferdsteknologien betyr noko for brukarane våre. Eg har møtt brukarar i kommunen vår som seier at denne måten å jobbe på gir dei auka livskvalitet. I tillegg ser vi at utviklinga betyr noko for dei tilsette i kommunane våre. Å satse på denne måte, vere så framoverlent, gjer at det blir interessant å jobbe i kommunane våre, seier ordførar Aarhus Byrknes.